Verdas dyraste due

Dua som heiter New Kim, vart nyleg solgt for 17 millionar kroner. Ho kan flyga fleire hundre kilometer. 

Nyleg vart verdas dyraste due solgt i ei bodrunde, der dei sel duer som blir brukt til konkurransen «kappflyging». Det skriv Aftenposten i ei sak. 

Dua, som er to år gamal, vart solgt av familien Van de Wouwer frå Belgia. Mannen som kjøpte dua er en rik mann frå Kina.

Aktiv innanfor kappflyging

Den nye eigaren er aktiv innanfor kappflyging med duer, skriv Aftenposten.

Han eig også dua som frå før var verdas dyraste.Den dua heiter Armando, og er ein mann.

Då New Kim er ei dame og Armando er ein mann, betyr det at dei no kan setjast i avl. Det betyr at dei to duene kan få born.

Kan flyge fleire hundre kilometer

Duer som blir brukt til kappflyging er veldig populært blant rike kinesarar, og premien på konkurransane kan vere på mange millionar kroner.

Eigarane har duene i dueslag i fleire månader. Eit dueslag er huset til dua. Deretter blir dei transportert fleire hundre kilometer vekk frå heimen sin.

Dua som først kjem heim att har vunne konkurransen.