Ny julekalender om skilsmisse

I dag kjem fyrste episode av "Stjernestøv" som er NRK sin nye julekalender.

Jula handlar ofte om kos og familiehygge, men kva skjer når jula ikkje blir slik? Når familien er i oppløysing? Det er teamet i NRK julekalenderen som har fått namnet «Stjernestøv».

Stjernefolket

9-åringen Jo opplever at mora og faren ikkje skal bu saman meir. Jo må flytte til ein ny stad, og alt er vanskeleg. Men så møter han den sterke og uredde jenta Elly. Ho kjem frå ein stad der stjernefolket bur, og gir Jo mot til å takle alt som skjer.

Kringkastingssjef i NRK, Thor Gjermund Eriksen, seier til NRK.no at det er viktig at ein julekalender får oss til å tenkje på utfordringar mange møter i livet.

– Det er veldig mange barn som har godt av å sjå at andre barn står i same situasjon som dei. Det er det stor trøst og kraft i, seier han.