Mjølketennene har mange historier – verda rundt

I den nye barneboka Kanskje, kanskje: Om tannfelling, tannfeer og trøyst får du høyra spennande historier om tannfeer og kva som skjer når barn mistar mjølketennene sine.

FAKTA OM MJØLKETENNER:
  • Me får 20 mjølketenner: fire fortenner, fire sidefortenner, fire hjørnetenner og åtte forjekslar og jekslar.
  • Dei første mjølketennene kjem etter 6-7 månader. Etter to og eit halvt år har som oftast alle mjølketennene kome ut.
  • Mjølketennene fell normalt ut medan barn er 6-10 år.
  • Nokre menneske kan oppleva at det ikkje kjem ei vaksen tann under mjølketanna si. Då kan mjølketanna vera igjen heilt til ho må bli trekt.
LES FAKTALUKK FAKTA

I Noreg, Sverige og nokre deler av Australia legg me mjølketennene i eit glas med vatn og ventar på at tannfea skal koma om natta.

Erna Osland har skrive den nye boka om å mista tenner, og kva ein har gjort med mjølketennene i ulike tider og kulturar. Ho har samla historier frå 40 land.

Artikkelen held fram under bildet.

VAKSNE TENNER: I ein stor kjeve til ein vaksen er det til vanleg 32 tenner. Barn har 20 tenner.
Illustrasjon: Victoria Sandøy
Frå framsida på den nye boka til Erna Osland.

Mus, fuglar og hundar

Over heile verda fins det skikkar, truer og forteljingar knytte til tannfelling. Mange av foteljingane er om ulike tannfeer – små flygande alvar, eller mus, fuglar og hundar. Men same kor ulike forteljingane om tannfeene er, så er bodskapen den same. Dei er alle forteljingar om trøyst.

Moro å samla kunnskap

– Eg ville skriva ei bok som barn og vaksne kan lesa i lag, om nettopp kor fint det er å vera barn og vaksne i lag, seier Erna Osland. Ho er ein kjent forfattar, og vunne fleire prisar for bøkene sine.

Artikkelen held fram under bilete.

FORFATTAR: Erna Osland har skrive bok om tannfelling og tannfeer verda rundt.
Foto: Hans Petter Martinussen

– Eg har hatt stor glede av å skriva denne boka. Det har vore moro å samla kunnskap om tannfellingsskikkar og kjærleik mellom foreldre og barn verda rundt.

Ulike tradisjonar i verda:

FRANKRIKE: Den vesle musa «La Petite Souris» kjem med ein mynt om natta.

MONGOLIA: Her gøymer dei tennene i hundemat. Etter ei stund får barnet sterke «hundetenner»

EGYPT: Barna kastar tennene opp mot sola, opp mot Allah. Det same gjer dei i Sudan, Jordan og Irak.

ITALIA: Den heilage Apollonia lagar ei vogn av tenner som blir trekt av ei mus.

USA: Her har ofte barn si eiga tannfe som dei sjølv finn på namnet på.

THAILAND: Her kastar dei tennene oppå taket.

HELLAS: Her kastar barn tennene på taket.

ETIOPIA: Her kastar dei tennene mot kyrkja, og ber om nye, sterke tenner.

MALI: Her får ungane ein kylling når dei mistar tennene sine.

Kart: Colourbox