Vil bli marinbiolog – fekk prøva seg som forskar

Nyleg var dei to 10. klassingane Samuel og Eir-Hild utplasserte ved Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet.

Saman med forskarar som jobbar der, fekk dei gjere oppgåver og bli kjent med mange som jobbar med forskning og undervisning, skriv Vestlandsforsking.

Samuel fekk læra frå Marianne Nilsen, som jobbar som marinbiolog. Nettopp det var stas, for Samuel har bestemt seg for at han vil studera biologi når han blir vaksen. Drøymen er å bli marinbiolog, akkurat slik som Marianne.

Viktig å ta vare på korallane

På laben saman med Marianne, får Samuel undersøka korallar frå Sognefjorden. Mellom anna klimaendringar gjer at det er viktig å få kunnskap om det som skjer i havet.

– Dette er ein kaldvasskorall som er henta opp frå fleire hundre meters djup, seier Marianne Nilsen og viser fram til Samuel.

Ho fortel at det som er spesielt med korallane i Noreg er at dei ikkje er avhengig av lys.

– Våre korallar kan leva på meir enn 1000 meters djup, og livnærer seg på organisk materiale som dryssar ned frå overflata, seier ho.

Samuel seier at han også veit noko om korallar.

– Eg har høyrt at korallane står for mykje av oksygenproduksjonen på jorda, så det er viktig å ta vare på dei, seier han.

– Dette er ein type jobb eg kunne ha lyst på

Her er 10.klassingane på biolaben med Stine Svang. Eir-Hild Svanheld siktar jordprøvar frå urterike slåttemarker.
Foto: Kyrre Groven

Eir-Hild fekk vera med på å sikta jordprøvar. Stine Svang, som er masterstudent ved HVL, hjelpe til med rettleiing.

– Dette er jordprøvar som me har tatt frå verdifulle slåttemarkar, seier Stine.

Ho fortel at dei får pengar frå Fylkesmannen for å halda oversikt på desse, og sjekka om tiltaka dei gjer har ein effekt. Derfor er det viktig å sjekka jordprøvane.

Sikting av jordprøvar er noko Eir-Hild har god erfaring med.

– Dette har eg god øving i frå sandkassen i barnehagen, seier ho og flirer.

Eir-Hild hadde fine dagar på utplassering. Ho fekk også vera med på studentrettleiing, feltarbeid og læra seg å skriva feltrapport.

– Dette er ein type jobb eg kunne ha lyst på, seier ho.