Helsesista oppmodar til alternativ sosialisering i førjulstida

Helsesista Tale Maria Krohn Engvik oppmodar folk til å tenkje annleis og samstundes passe på seg sjølv og andre, under koronarestriksjonane fram mot jul.

Helsesista Tale Maria Krohn Engvik trur at eit tungt år, og at mange kjenner seg einsame, kan gjere at endå fleire gruar seg til jula og førjulstida i år, skriv Framtida.

Alternativ sosialisering

– Det er veldig mange som har det vanskelig no og som synest det er vanskeleg at det er så mykje usikkerheit og at det heile tida er endringar, seier ho til NRK.

Ho meiner ein må prøve å finne på sosiale aktivitetar på ein forsvarleg måte, og hugse at det ikkje skal vere slik for alltid.

Viktig å sjå andre

Krohn Engvik meiner det er viktig at ein tar ansvar for eiga psykisk helse, og at ein er flink til å sjå andre den kommande tida. Ho minner om at ein ikkje veit korleis andre har det, sjølv om ting ser greit ut.

– Eg trur det er lurt å tørre å seie til nokon korleis ein eigentleg har det. Det krev mykje mot. Mange er redde for å vere ei belasting og bry andre med problema sine, seier ho.