Får kjefte på klimaministeren

Journalistane Nanna (12) og Johanna (12) fekk klar beskjed om kva dei kan gjere viss ikkje Noreg har nådd målet om halverte utslepp i 2030.

Då junior-journalistane spurte klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn om kva som er det viktigaste målet hans framover var det liten tvil om svaret. Om ti år skal Noreg nemleg ha halvert utsleppa sine av skadelege klimagassar.

– Det er eit heftig mål, som vi må kome med nye tiltak kvar einaste dag for å nå, sa ministere.

Fleire miljøvennlege bilar, meir miljøvennleg mat, meir fornybar energi og fanging og lagring av karbon er stikkorda.

– Viss vi ikkje klarer det, får de kome og kjefte på meg i 2030, sa klimaministeren til Nanna og Johanna.

– Då har eg fortent det!