Illustrasjonsfoto: Colourbox

Me har samla tips til ting du kan finna på, no som verda ikkje er heilt som før:

  • Finn ein utandørs leikeplass på heimstaden din.
  • Ta ein tur i skogen eller på fjellet. Kanskje du kan laga bål eller ta med kakao? Eller gå ein tur du ikkje har gått før?
  • Les ei bok. Sjå denne saka for å få lesetips. Her har fem elevar i 5. klasse på Langeland skule fortalt oss om si favorittbok.
  • Lær noko nytt. Det kan for eksempel vera å strikka eit skjerf, eller å laga ein ny rett til middag.
  • Pusla puslespel.
  • Tjuvstarta adventstida og baka peparkaker allereie i november. (Og eta dei opp slik at familien din må laga nye i desember)
  • Sjå ein koseleg film.
  • Ring til besteforeldre, tanter, onklar og familie du ikkje ser så ofte.

Har du andre gode forslag til kjekke ting å gjera no?