Får ikkje helsa på julenissen

Ingen får helse på julenissen når Thanksgiving Day blir feira i New York no i november. Thanksgiving er blant dei viktigaste høgtidene i USA, og blir feira som ein hausttakkedag med kalkun og graskarpai på bordet. I år er Thanksgiving Day den 26. november.

Før feiringa er det å helse på nissen ein av hovudattraksjonane for dei oppmøtte barnefamiliane. Macy, som er ei stor amerikansk varehuskjede, arrangerer paraden.

I forkant av feiringa uttala dei at julenissen ikkje kunne helse på barna grunna koronaviruset. Dermed blei det eit brot i ein tradisjon som starta for nærmare 160 år sidan.

Ta kvissen vår: Kva veit du om USA?