– Koronakrisa er ikkje bra for klima og miljø

Under koronapandemien har utsleppa i verda gått ned. Ifølgje klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn er krisa likevel ikkje godt nytt for jordkloden.

Då junior-journalistane Nanna Nielsen (12) og Johanna Bjørge Nerheim (12) møtte klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn til intervju for Framtida Junior var det éin ting dei var spesielt nysgjerrige på:

– Under koronapandemien har vi køyrt mindre fly og bil enn til vanleg. Er koronakrisa bra for klima- og miljø? 

– Det hjelper klimaet litt. Når færre reiser så har utsleppa blitt lågare no under koronapandemien. Og det er jo bra, sa klimaministeren, før han la til:

MINISTER. Sveinung Rotevatn er klima- og miljøminister i Noreg. Han møtte junior-journalistane Nanna (t.v.) og Johanna for å svare på spørsmål frå born og unge. Foto: Andrea Rygg Nøttveit

– Men det er nok eigentleg ikkje så bra på lang sikt. Koronakrisa har også mange negative konsekvensar, vi ser til dømes at veldig mange bedrifter som hadde tenkt å investere mykje pengar og tid i ny miljøvennleg teknologi, som elbilar, eller i fornybar energi, ikkje gjer det likevel, fordi det går så dårleg med økonomien deira under korona. Det er ikkje bra.

I ein del land i verda har styresmaktene no meir enn nok med å stoppe smitte

Ingen passar på skogen

Det er også andre sider ved koronakrisa som er uheldig for klima- og miljø, ifølgje klimaminsteren. 

– I ein del land i verda har styresmaktene no meir enn nok med å stoppe smitte, sikre drifta av sjukehusa og å produsere vaksiner, slik at dei misser kontroll på andre område. For eksempel i Brasil, der ein har ein kjempestor skog som heiter Amazonas, som er viktig å ta vare på for å bremse klimaendringane. Når ingen passar på skogen skjer det mykje ulovleg avskoging, der gruveselskap, tømmerhoggarar og bønder rykker inn i skogen for å tene pengar. 

SKOGBRANN. Stadig fleire skogbrannar i Amazonas er ei av følgjene av at meir av den vert hogd ned for kvart år. (AP Photo/Andre Penner)

Fly er berre ein liten del av utsleppa

– Så, i det store og det heile tenkjer eg at koronakrisa ikkje er bra for klima og miljø, konkluderer ministeren.

Å la vere å reise er ikkje nok for å stoppe klimaendringane

PÅ ALVOR. Nanna Nielsen (t.v.) og Johanna Bjørge Nerheim fekk vere journalistar for ein dag, og intervjua klima- og miljøminster Sveinung Rotevatn. – Han var veldig hyggelig, og tok alle spørsmåla våre på alvor, kommenterte dei to jentene etter intervjuet.

– Det er klart at det har hjelpt litt på utsleppa. Men det er viktig å vere klar over at sjølv om ein stengte ned nesten heile verda i ein periode, så har ikkje utsleppa gått ned med meir enn 4-5 prosent. Så det er ganske lite. Grunnen til det er at det som kjem ut frå fly og bilar berre er ein liten del av utsleppa. Ein veldig stor del av utsleppa har berre fortsatt. Kolkraftverk står og produserer straum, olje og gass blir produsert, fabrikkane går, landbruket held på. Så å la vere å reise er ikkje nok for å stoppe klimaendringane, ein må ta tak i mange andre ting også. 

Men kanskje vi kan lære noko av det som har hendt?

Heile verda jobbar saman

– Så viss eg kunne velje mellom koronakrise og ikkje-koronakrise, så vel eg det siste, avsluttar ministeren, med eit smil til Nanna og Johanna.

– Men kanskje vi kan lære noko av det som har hendt? Når ein ser at noko er ein alvorleg trussel, slik koronaviruset er, så greier alle landa i verda å jobbe saman for å stoppe det. Det kan vi lære av i møte med klimakrisa også.