– Vi i Noreg må gjera meir – og det hastar!

Framtida Junior har spurt Barnas Klimapanel om kva dei synest er den viktigaste klimasaka. Og føler dei at dei blir høyrt av politikarane?

Fakta om Miljøagentane og Barnas klimapanel:
  • Miljøagentene er barna sin miljøvernorganisasjon.
  • Organisasjonen arbeider for å gi barn tru på seg sjølv, på framtida og på at det nyttar å gjera noko for miljøet.
  • Barnas klimapanel skal representera barna i Noreg i møte med politikarar.
  • Barnas Klimapanel blir valt for eitt år om gongen og heile landet er representert i klimapanelet.
  • Kvart år lagar Barnas Klimapanel ein rapport som blir publisert på Miljøagentane si nettside.
LES FAKTALUKK FAKTA

Bjørn Einar Kjønstad-Prestvik (13):

– Den viktigaste klimasaka for meg, må vera flyforbruk. Det er altfor mange norske familiar som flyg til syden kvart år. Viss vi hadde klart å kutte ned med cirka 10 prosent hadde det hjelpt veldig.

– Eg føler at vi i Barnas Klimapanel blir tatt på alvor av politikarar. Dei lyttar til oss og eg trur dei vaksne politikarane bryr seg mykje om barn sine meiningar. 

 

Isa Mellblom Theissen (12):

– Utanom global oppvarming synest eg at mikroplast og plast i havet er ei viktig sak. Det er eit problem som rammar både dyr og menneske. Kvar år hamnar cirka 8 millionar tonn plast og anna søppel i havet!

– Det er gøy og stas å vera ein del av Barnas Klimapanel. Vi får ein del ansvar, og eg håpar politikarane høyrer på oss. Viss eg skulle velja éin ting alle nordmenn måtte gjera for miljøet, måtte det bli at dei slutta å kasta søppel på bakken. 

 

Torje Tungesvik Gilbert (14):

– For min del er det nok utryddinga av dyr som er den viktigaste saka. Det er ubehageleg å vite at mange av dei artane som er her no, ikkje kjem til å vera der når eg blir vaksen.

– Eg føler vi blir høyrt til ei viss grad av politikarane, men det er framleis ekstremt store endringar som må gjerast.

– Viss alle nordmenn måtte gjera eitt klimatiltak, skulle eg ønska at det blei slutt på flytrafikken. Vi hadde klart oss heilt fint på ferie i Noreg.

 

Tora Elgsaas (14):

– Det viktigaste er at vi tek vare på jorda og endrar måten vi lever på. Vi i Noreg må gjera meir – og det hastar! Viss vi ikkje gjer store endringar vil det få store konsekvensar. Kvar og ein av oss kan gjera meir, men landa må gjera meir nasjonalt og globalt. Vi må ha eit meir berekraftig samfunn, og vi må samarbeida på tvers av generasjonar for å få det til. Det er gøy å vera ein del av Barnas Klimapanel. Når det er noko ein brenn for, er det utruleg fint å kunne skapa endring og gjere ein forskjell. Ein del politikarar er flinke til å lytta, men alle må bli flinkare til å gå frå å lytta og prata – til å handla!

 

Ulrik Hellum (12):

– Det siste halvanna året har eg engasjert meg spesielt for global oppvarming. Dette er ei sak som er veldig alvorleg, som kan ha mykje å seia for framtida. Det å vera ein del av Barnas Klimapanel er både lærerikt, morosamt og spennande. 

– Eg merkar at enkelte politikarar er interesserte i det vi har å seia. Dei tek notat, stiller spørsmål og tek seg god til til oss. Men det er også dei som ikkje gjer det. Det er politikarar som motseier oss eller ikkje er interessert i det vi har å seie.

– Viss eg skulle valt eit tiltak alle nordmenn måtte gjera, ville det vore at ingen fekk lov til å kasta mat.

 

Dina Lau-Henriksen (13):

Det er ikkje éin enkelt ting som løyser klimakrisa – det er summen av mange tiltak som må til. 

– Vi må slutta å bruka olje, gass og kol, og heller gå over til fornybar energi som vatn, sol, vind og bølgekraft.

– Viss alle nordmenn skulle gjort éin ting for klimaet, måtte det vera at alle masa på politikarane og at alle stemmer på politikarar som tek klima på alvor. På den måten får vi endra systemet, og vi får vist andre land at det er mogleg. 

 

Brage og Milla kunne ikkje bli intervjua den aktuelle dagen.