– Barnas Klimapanel representerer norske barn

Panelet skal representera barna i Noreg i møte med politikarar, men korleis får dei vita kva som er viktig for norske barn?

Fakta om Miljøagentane og Barnas klimapanel:
  • Miljøagentene er barna sin miljøvernorganisasjon.
  • Organisasjonen arbeider for å gi barn tru på seg sjølv, på framtida og på at det nyttar å gjera noko for miljøet.
  • Barnas klimapanel skal representera barna i Noreg i møte med politikarar.
  • Barnas Klimapanel blir valt for eitt år om gongen og heile landet er representert i klimapanelet.
  • Kvart år lagar Barnas Klimapanel ein rapport som blir publisert på Miljøagentane si nettside.

 

LES FAKTALUKK FAKTA

Dei åtte barna som sit i årets panel stilte til val, og blei valt av dei andre medlemmane i Miljøagentane.

– Barnas Klimapanel blir valt for eitt år om gongen og heile landet er representert i klimapanelet, fortel organisasjonsagent Bjørn Erik Løken.

Innspel frå norske barn

– Innspel frå norske barn får vi gjennom skulebesøk, når vi deltek på Arendalsuka og gjennom «det magiske klasserommet» som Redd Barna står bak, seier Bjørn Erik.

«Det magiske klasserommet» er eit digitalt verktøy som blir brukt i skulen. I dette klasserommet har Miljøagentane bidrege med viktig innhald om klima. Arendalsuka er ein politisk festival.

Kvart år lagar Barnas Klimapanel ein rapport som blir publisert på Miljøagentane si nettside. I tillegg blir den delt ut til politikarar i heile landet.

– Både politikarar som sit i kommunestyre, som ordførarar, ministrar og politiske toppar i Noreg får lese rapporten. Til og med den amerikanske miljøaktivisten Al Gore har fått eit eksemplar, fortel Bjørn Erik.

Årets rapport er på veg

– Når vi skal lage årets klimarapport, går eg gjennom alle innspel og ser kva tema det kjem flest innspel på. Barna i panelet vel ut kva innspel dei brukar til rapporten, fortel Bjørn Erik.

I desse dagar er neste rapport under utvikling. Den blir publisert i haust.

Koronaviruset set imidlertid ein stoppar for ein del av aktiviteten rundt rapporten.

– Det blir ein del begrensninger. Både Arendalsuka og klimatoppmøtet i Glasgow er utsett. Det betyr at vi ikkje fysisk får møte politikarane slik vi har gjort tidlegare. Vi får heller ikkje møte barn på same vis som før, men vi prøver å vera kreative med digitale løysingar, fortel Bjørn Erik.