Skulen skal ikkje gjere deg betre i idrett

Synest du gymtimane er heilt pyton? Du er ikkje åleine.

– Mange elevar opplever at kroppsøving handlar om å lære seg ein idrett. Men det er heilt feil, seier Irina Burchard Erdvik til Ung.Forskning.no. Ho er forskar ved Idrettshøgskulen.

Ho har spurt rundt 3000 elevar i ungdomsskulen og på vidaregåande skule om korleis dei opplever kroppsøvingsfaget.

Ho fann at barn og ungdom ikkje får den undervisninga dei har krav på. Grunnen er at undervisninga er retta mest mot dei som allereie er flinke i idrett.

Dei som ikkje er så flinke, blir lett hengande bak.

– Det er trist. For det er jo dei som er minst aktive som treng faget mest, seier Erdvik til Forskning.no.

Bryt skule-lova

Dette er eit stort problem, meiner forskaren.

I opplæringslova står det at alle elevar har rett til å få ei undervisning som passar til den dei er.

– Mykje tyder på at ikkje alle får det i dag, seier forskaren.

Lærarane må tenkje nytt

Irina Burchard Erdvik har eit forslag til løysing: Opplæringa av lærarane må bli betre. Utdanninga til lærarane må handle meir om å støtte elevar som ikkje driv med idrett.

Skulen får snart ein ny læreplan. Der står det endå tydelegare at det å bli flink i idrett ikkje er eit mål i skulen.

– Den nye læreplanen kan gjere at lærarane lagar betre undervisning i kroppsøving, trur Erdvik.