Romeo (10) gjekk frå Italia til England for å klemme bestemora

På ferda samla han inn nesten 220 000 kroner for flyktningar.

Medan koronaviruset herja og det verka som verda var stengt, sat 10-åringen Romeo Cox heime på den italienske øya Sicilia.

Der fekk han ein idé:

– Medan eg var i karantene fekk eg ein idé om reise på besøk til bestemora mi, men i hemmelegheit, utan å bruke bilar eller fly, seier han i eit radiointervju med BBC.

Foreldra hans sa nei kring 50 gongar, før dei gav etter.

Den britiske 10-åringen og familien hans flytta til Sicilia for to år sidan, men bestemor bur framleis i London. Det var over eit år sidan Romeo sist hadde sett ho, og 77-åringen var åleine i lockdown.

Romeo ville difor gå heile vegen frå Sicilia til London – ei reise på nesten 2800 kilometer.

LANG TUR. Det er nesten 2800 kilometer mellom huset til Romeo på den italienske øya Sicilia og huset til bestemora i London. Foto: Romeos Big Journey Home på Facebook

Frå Palermo til London til fots

Foreldra hans sa nei kring 50 gongar, før dei gav etter. I juni la Romeo og faren Phil i veg frå Sicilia.

Første del av reisa laut dei ty til seglbåt, dei har sykla litt og ride på esel eit stykke, men størstedelen av turen har føregått til fots.

Ein gong la dei seg til å sove under eit kvefsebol.

Dei stod opp grytidlig og gjekk kring 20 kilometer kvar einaste dag. Når kvelden nærma seg banka dei på dører etter husrom, leitte etter hostell eller slo opp telt.

– Elles sov vi midt i ingenmannsland, under stjernene og trea, og det var nokre skikkeleg gode stunder, seier Romeo til BBC.

OVERNATTING. Romeo og faren sov i telt, i heimane til folk og under open himmel. Foto: Romeo’s Big Journey Home på Facebook

Eit par gongar gjekk dei seg ville, ein gong la dei seg til å sove under eit kvefsebol, og dei har vorte jaga av aggressive hundar.

Men dei vurderte aldri på å snu:

– Di nærmare vi kom, di meir tenkte eg på å sjå bestemora mi, og kor eg gleda meg, seier 10-åringen til britiske Metro.

Samlar inn pengar til unge flyktningar

URETTFERDIG. På turen møtte Romeo sudanesiske Bakhit. Han ville reise til England til broren sin, men det er vanskeleg å sleppe inn sidan han er flyktning. – Det er ikkje rettferdig at eg kan møte familien min, men han kan ikkje, seier Romeo til BBC.

På turen har Romeo også samla inn pengar til flyktningar på hans eigen alder. Romeo fortel BBC at han vart inspirert av borna som tok imot han, då han sjølv flytte til Sicilia utan å kunne eit ord italiensk.

Mor hans driv ein velgjerdsorganisasjon på Sicilia, og pengane skal gå til å skaffe nettbrett og skikkeleg internett.

Di fleire kilometer Romeo har gått, di fleire kroner har rulla inn. På turen har han samla inn nesten 220 000 norske kroner.

Tidleg i oktober fekk han endeleg klemme bestemor igjen

Gjensyn med bestemor

Det er ikkje berre-berre å vandre 2800 kilometer, og Romeo fortel BBC at føtene hans merka påkjenninga:

TIL FOTS. Innimellom sykla han eller rei på esel, men mesteparten av den lange vegen gjekk Romeo (10) til fots.

– Dei smuldrar, som på ein 100 år gammal mann, seier han med latter i stemma.

Men etter å ha vandra i tre månadar, og vore i karantene i England i to veker, nådde omsider Romeo målet sitt.

Tidleg i oktober fekk han endeleg klemme bestemor igjen:

Etter å ha fått helst på bestemor, reiste Romeo heim til Sicilia – med fly denne gong.

Sjå film frå gjenforeininga med bestemora: https://www.instagram.com/p/CF7UNnyn1qY/