Klart for ny leseaksjon

Førebu deg på å grine, skreiv vår bokmeldar om den eine av bøkene som er valgt ut til neste utgåve av leseaksjonen Tid for ti.

Det er mykje som ikkje er heilt vanleg ved skuleåret 20/21, men nokre tradisjonar består heldigvis som før. I januar arrangerer Foreningen !les for sjette gong leseaksjonen “Tid for ti” for deg som går i sjuande klasse.

– Tilbakemeldingane og responsen på Tid for ti frå både lærarar, elevar og bibliotekarar rundt omkring i Noreg har heile vegen vore veldig god. Vi er stolte over at aksjonen har blitt så populær, og glade for at vi kvart skuleår kan tilby sjuandeklassingar i heile landet nynorsk kvalitetslitteratur, seier prosjektleiar for Tid for ti i Foreningen !les, Ole Ivar Burås Storø.

Bilete frå ein tidlegare leseaksjon. Foto: Anna Kirsten Aaland Hellevang/Nynorsksenteret

Lepra og nakenbilete

Aksjonen, som starta i 2016, inneheld kvart år ein antologi, som vil seie ei bok med utdrag frå ulike bøker, med ti bøker tilpassa deg som går på 7. trinn. I tillegg har den ei eiga nettside med utdrag og lydfiler. 

Den nye antologien kjem i januar 2021. Den inneheld utdrag frå ti nynorske bøker som er gode på kvar sine måtar. Kanskje vil du lære meir om sjukdomen lepra, som gjorde at huda til dei som fekk den råtna vekk? Eller kanskje du lurer på korleis det ville vere dersom eit nakenbilete av deg kom på avvege på nettet? Dette er berre to av tematikkane som blir tatt opp i neste aksjons bøker. 

Sinte Synne

SINNE. Forfattar Ann Helen Kolås Ingebrigtsen har fått mange fine tilbakemeldingar for den fyrste boka si, Sinne, som skal vere ein del av leseaksjonen.

Mellom titlane finst også romanen Sinne, som Ann Helen Kolås Ingebrigtsen ga ut før i år. Den handlar om 15 år gamle Synne, som har ADHD, men ikkje vil at nokon utanom familien skal vite om det. Ho har det ikkje lett, og det blir ikkje bedre av at foreldra vel å skilje seg, samtidig som ho sjølv blir hovudstups forelska.

Om denne boka sa Framtida sin bokmeldar at den var så sterk at det var berre å førebu seg på å grine litt. Du kan lese meldinga her. 

– Eg får framleis minst ei melding dagleg frå nokon som har lese og likt boka, trass i at det er sju månadar sidan ho kom ut. Det gjer meg så glad, fortel forfattaren Ann Helen.

 Det betyr veldig mykje for meg å få vere med i ein leseaksjon som Tid for ti. Eg blir veldig glad dersom Sinne blir godt likt blant elevane og kan vekke engasjement og opne for viktige samtaler.