Leik med refleksen!

Visste du at barn er flinkare til å bruke refleks enn vaksne? Har du testa refleksgøymsle før? Gjer deg klar til den fine, mørke tida!

Når nettene blir lange, og kulda set inn, veit alle små mus at reflekssesongen er her. Barn er nemleg dei flinkaste her i landet til å bruke refleks, ifølgje Trygg Trafikk. Men visste du at dei vaksne ikkje er like flinke? Mellom dei er det kun fire av ti som nyttar refleks!

Dei som er minst flinke til å bruke det er vaksne menn over 30 år. Gjer dei ein teneste og mas litt ekstra på fedre, bestefedre og onklar du kjenner denne helga. Det er nemlig mykje større risiko for ulukker når ein bevegar seg rundt på haustmørke morgonar utan ein refleks dinglande frå jakkelomma, eller ei lykt festa på sykkelstyret.

Sjå kvifor her:

Trygg Trafikk er ein organisasjon som er opptekne av at det skal vere trygt i trafikken for både barn og vaksne, og dei har laga gode tips for refleksbruk som du kan lese her.

Men sidan du sannsynlegvis er flink og har refleksane dine på stell allereie, vil Framtida Junior dele oppskrifta på ein kjekk uteleik der du kan nytte dei:

Refleksgøymsle

Dette treng du:

  • Nokre leikne vener, minst tre stykker
  • Ein refleksvest til kvar
  • Ei lommelykt, eller telefon med lommelyktfunksjon, på deling
  • Eit avgrensa område, t.d ein liten skog, ein leikeplass eller uteområdet i ein barnehage.
GØYMSLE. Hausten er ei fin tid for å leike gøymsle. I mørkret med refleksvest og lommelykt er det ekstra kjekt! Foto: Colourbox

Slik gjer de:

Ein av dykk startar med å telje til hundre, medan dei andre som er med gøymer seg. Den som tel får bruke lommelykta til å leite etter dei andre, noko refleksvestane sørgjer for å gjere lettare. Den fyrste som blir funnen tel neste gong.

Variasjonar:

“Boksen går” eller “Gje eit lite vink” er også gøy å gjere i mørkret. I så fall trengs fleire lommelykter, som kvar enkelt kan blinke med for å gje frisignalet.