La Niña er her – og kan gjera Jorda kaldare

La Niña er søstera til den kanskje betre kjente broren El Niño.

Begge er haust- og vinterfenomen i det tropiske Stillehavet, og begge påverkar klimaet over heile jorda.

La Niña fraktar kaldt vatn opp til havoverflata og gjer Stillehavet kaldare. Viss La Niña veks seg stor, kan ho setja global oppvarming på ein liten pause. No er forskarane spente på korleis La Niña utviklar seg.

I 2011 bidrog La Niña til tørke i Aust-Afrika (bildet over) der nesten 100.000 menneske døydde av svolt.

El Niño er eit fenomen i Stillehavet som bidrar til at temperaturen i verda kan stiga, og sørgjer for regn der det under La Niña er tørt.

La Niña betyr «jenta» på spansk, mens El Niño betyr «guten».

Kaldare havoverflate er eit av teikna på at La Niña er her. Foto: NOAA