Kan du gruble så mykje at hjernen smeltar?

Er det mogleg å tenkje så hardt over eit problem at hjernen bryt saman?

Du får eit vanskeleg spørsmål som du ikkje kan svare på. Då kjennest det av og til som at hjernen sviktar deg, skriv Ung.Forskning.no.

Er det mogleg å gruble så hardt på eit problem at hjernen bryt saman? For eksempel viss du byrjar å tenkje over kor stort verdsrommet er? Eller om du strevar med eit supervanskeleg reknestykke?

Nei, svarar professor i hjerneforskning Jesper Mogensen til den danske nettavisa Videnskab.dk.

Han fortel at om hjernen bryt saman, så er det grunna sjukdom.

Hjernen kan svikte deg

Sjølv om hjernen ikkje kan smelte ned berre ved å tenkje, så fortel Jesper Mogensen at det av og til kan kjennest ut som at hjernen sviktar oss.

For eksempel viss du er så nervøs at tankane går i ball.

– Du blir så fokusert at det kjennest som om hjernen bryt saman, seier Mogensen.

Viss du er nervøs eller stressa, byrjer hjernen å lage mykje av eit hormon. Dette stresshormonet blir kalla kortisol, og det gjer at hjernen kan fungere dårlegare.

Bekymrar du deg lenge over noko, eller er veldig stressa, er ikkje det bra for deg. Då er det viktig å snakke med nokon. Ein vaksen du stolar på – til dømes ein lærar, helsesjukepleiar, foreldra dine eller nokon andre.

Du kan også ringe alarmtelefonen for barn og unge dersom du treng å snakke med nokon. Telefon: 116 111.