Slik fungerer hjernen sitt bibliotek

Kva skjer eigentleg når vi grublar på noko?

– Viss vi skal svare på eit spørsmål, brukar vi eit nettverk av nervar som går over nesten heile hjernen, forklarar professor i hjerneforskning Jesper Mogensen frå Københavns Universitet.

Hjernen er som eit bibliotek. Du leitar etter det som kan svare på spørsmålet.

Viss vi ikkje finn svar i biblioteket vårt, kan det kjennest som om hjernen ikkje verkar slik han skal, skriv Ung.Forskning.no.

Ulik kunnskap

Vi har ulik kunnskap i hjernen. Ein astrofysikar, altså ein som forskar på verdsrommet, blir ikkje stressa om nokon spør ho om kor stort universet er. Sjølv om ho ikkje veit svaret, har ho nok av informasjon i hjernen til å takle spørsmålet bra.

– Ein vanleg person kan bli stressa av same spørsmål. Han finn rett og slett ingenting i biblioteket i hjernen som kan brukast til å svare fornuftig, forklarar Mogensen.

Lurt å gruble

Det kan vera positivt å gruble på vanskelege spørsmål.

– Viss du synest spørsmålet er spennande, vil du byrje å utvide biblioteket ditt, seier Mogensen.

Hjerneforskarar veit til dømes ikkje alt om hjernen. Dei får heile tida meir kunnskap av å lese, undersøkje og forske, men det er framleis mykje dei ikkje forstår.

Det gjeld til dømes spørsmålet om kor stort verdsrommet eigentleg er, seier Mogensen.

Det var Videnskap.dk som fyrst omtala saka.