Bør vi eigentleg ha haustferie?

Svenske forskarar har funne ut at barn som fekk mindre ferie frå skulen, fekk betre løn då dei vart vaksne.

Norske barn og unge har haustferie denne veka og ein del har ferie i veka som kjem.

Men i fleire land snakkar no politikarar om at barn og unge bør ha mindre fri frå skulen og få meir undervisning, skriv Ung.Forskning.no.

Betre resultat på testar

Grunnen til diskusjonen er ei undersøking som blir kalla PISA-undersøkinga som samanliknar skuleresultat på tvers av land.

I nokre land får elevane mykje betre resultat enn i andre land.

Då reagerer politikarane i dei landa som gjer det dårlegare. Dei lurer på kva dei skal gjere for å få sine elevar like gode.

Danmark, Sverige og Noreg

I Danmark fekk elevar ei veke kortare sommarferie i år 2011. I Sverige diskuterer dei no om elevane bør vera meir på skulen. I Noreg fekk elevar på mellomtrinnet ein time meir naturfag i 2016. Årsaka var at norske elevar gjer det dårlegare i naturfag enn elevar i mange andre land.

Norske elevar i grunnskulen har færre skuletimar enn danske, men fleire enn svenske.

Betre jobb og høgare løn

Svenske forskarar har no undersøkt kva fleire timar på skulen betyr for elevane når dei vert vaksne. Dei har sett på løna til dei som vart født på 1940 og 1950-talet. Dette var ein periode då det skjedde endringar i svensk skule. Den eine gruppa fekk eit ekstra skuleår då dei var 13 år, medan den andre gruppa fekk kortare feriar frå skulestart.

Lettere for å få seg jobb

Det skjedde ikkje noko forandring for dei som fekk eit ekstra skuleår, ifølgje forskarane. Men dei som fekk ekstra undervisningstid spreidd utover alle åra i grunnskulen hadde lettare for å få jobb då dei vart vaksne. Dei fekk også høgare løn.

Forskarane bak undersøkinga meiner at meir undervisning vil hjelpe fleire elevar å lukkast i skulen.