Det hjalp å ha kjæledyr i koronatida

Dei som hadde eit kjæledyr hadde det litt betre enn dei utan dyr, i tida då alle måtte vera heime grunna korona.

Har du en katt? Ein hund eller kanskje ein fugl eller eit anna dyr? I så fall kan det hende at du hadde det litt mindre kjipt då skulane vart stengt i vår. Ein ny studie frå England tyder på det, ifølgje Ung.Forskning.no.

Forskaren Elena Ratschen og hennar kollegaer fekk 6 000 menneske til å svare på spørreskjem. Spørsmåla handla om kjæledyr, og om korleis livet var då alle måtte halde seg heime i pandemien.

Resultata viser at folk som hadde eit kjæledyr, hadde mindre kjensle av einsemd enn dei som ikkje hadde dyr.

Deltakarar var glade i dyr

Forskarane peiker på at deltakarane som var med i undersøkinga var over gjennomsnittet glad i dyr. Difor er det ikkje sikkert det hadde hjelpt om folk som ikkje er glad i dyr hadde skaffa seg kjæledyr. Så kva har forskarane eigentleg funne? Jo, at dei som elskar dyr syntes det var godt å ha dyr i huset under koronatida.