Alt du treng å vite om dåhjorten

SJÅ VIDEO: Den kvitprikkete dåhjorten er å finne på framandlista som fortel om artar som ikkje høyrer heime i norsk natur. Dyra kom nemleg til Noreg fordi folk frakta dei hit.

Dåhjort høyrer til hjortefamilien og er også kjent som dådyr. Dådyr finst ikkje naturleg i Noreg. Du kan møte på eit dyr som har rømt, men det er svært uvanleg. Dei dyra som er her til lands, har kome hit med folk som har frakta dei hit.

Her i Noreg kan du møte på vill dåhjort i Østfold, mellom anna på Hankø og aust for Glomma. Møter du ville dåhjortar er dette dyr som har rømt frå fangenskap. Dåhjortane i videoen øvst i saka kan du besøkje i Kristiansand Dyrepark. Der har dei laga ei stor innhegning der barn og vaksne kan gå inn for å helse på dyra.

Artikkelen held fram under bilete.

DÅBUKK: Berre bukkane utviklar gevir på hovudet. Geviret er viktig både for bukken sin status i flokken og som våpen i kamp med andre bukkar.
Foto: Hans A. Rosbach / CC-BY-SA-3.0-

Dåbukk og hind

Hannen blir kalla dåbukk og hodyr blir kalla hind eller kolle. Ei hind er fullvaksen i 3-årsalderen og veg då gjerne cirka 40-65 kilo. Bukkane er fullvaksne i 5-årsalderen og veg då gjerne cirka 80-120 kilo. Dåhjort er mindre enn norsk hjort, men ein god del større enn rådyret. Rådyr er arten Disney sin Bambi-karakter er basert på.

Berre bukkane utviklar gevir på hovudet. Geviret er viktig både for bukken sin status i flokken og som våpen i kamp med andre bukkar. 

Bukken får fyrst eit sett med gevir som fell av i 1-årsalderen. Umiddelbart etter felling veks det eit nytt, sterkare gevir fram. 

Artikkelen held fram under bilete.

SULTEN: Dåhjorten et helst gras og blad frå lauvtre om sommaren, og nøtter, bær og bark om vinteren. Foto: Janne Nerheim

Kvite flekkar

Dåhjorten sitt kjenneteikn er små, nærmast kvite flekkar langs sidene og ryggen. Den har oftast raudbrun sommarpels og ei svart hårstripe som går langs nakken og ryggen på dyret. 

Dåhjorten et helst gras og blad frå lauvtre om sommaren, og nøtter, bær og bark om vinteren. Han et gras ved lysningar i skogen tidleg om morgonen, og seint om kvelden. Han et helst måltida i lag med andre dåhjortar. Vatn får han oftast i seg ved å ete gras som har regndropar på. 

Artikkelen held fram under bilete.

SAMAN: Dåhjorten er eit flokkdyr. Foto: Janne Nerheim

Brunstige bukkar

I oktober og november er bukkane brunstige. Det betyr at dei vil pare seg med hindene. Dei eldre bukkane lagar seg område som dei markerar som sine. Dei forsvarar sitt område mot andre bukkar, samstundes som dei prøver å lokke til seg hinder. Viss det kjem andre bukkar inn i område blir det gjerne kamp. 

Bukken har eit brunsthyl, som gjerne blir skildra som eit kraftig snork. Det tiltrekkjer seg hinder som vil pare seg.

Når bukken har gjort sitt for at ei hind skal bli drektig, går det litt under åtte månedar før ho føder ein kalv. Kalven ligg i skogen til han er sterk nok til å bli med flokken. Pelsen med flekkar gir han god kamuflasje. Hinder og kalvar lagar eigne flokkar utan dåbukkane, i periodane utanom paringstida.

(Kjelde: Wikipedia og Store Norske Leksikon)