Stygge dyr er bra!

Alle får lov til å vere den dei er når hei kalas gir ut plate, også dei som er litt skakke eller skeive.

Då Heidi Marie Vestrheim og Annikken Theodorsen jobba i NRK Super i 2010 hadde dei det så kjekt med å lage songar saman at dei starta si eiga popgruppe, hei kalas. Etter nokre år blei Roy Ole Førland med, og gruppa var komplett.

Låtene til hei kalas handlar om Neil Armstrong i verdsrommet, om alt det rare ein tenker på når ein eigentleg skal sove og om at det må vere lov å vere kjærast med den ein vil, enten det er ein gut eller ei jente. Eller om ein ikkje vil ha kjærast i det heile.

– Alle må få lov til å vere glad i den dei er glad i. Det må vere lov, eller love, som vi syng i ein av låtene, fortel Heidi Marie og Annikken.

Hurra for stygge dyr

Og så handlar låtane om alle dei rare og stygge dyra, som vanlegvis ikkje får vere med når nokon skriv ein song:

“Alle syng om hest og hund og katt, søte små kvalpar, pakka inn i vatt. / Men ingen syng om kloakkdyra. Kloakkdyr er bra. Stygge dyr, hipp hurra!

(Saka held fram etter videoen)

– Du skal ikkje måtte høyre på at du er rar eller stygg, berre fordi du er annleis. Alle er forskjellige, både barn og vaksne, og det er bra!

Lytt som du vil

Heidi Marie, Annikken og Roy Ole har dei siste åra reist rundt i heile landet og heldt konsertar på skular og scener. Dei vil at barna skal få lytte til dei på den måten dei vil når det er konsert.

– Nokon vil ligge på golvet og sjå opp i taket mens dei lyttar, andre vil rope og hoppe opp og ned. Mange vil gjere begge deler, og alt er heilt greitt!

Alle songar må ikkje vere glade

Gjengen i hei kalas trur at barn likar å tenke på store og spennande spørsmål, og tek gjerne opp alle slags tankar i songane sine. Er verdsrommet uendeleg? Kvifor går tida slik at ingenting blir som før? Kor blir det av oss når vi døyr? 

– Det er ikkje slik at alle songar for barn må vere glade, meiner Heidi Marie og Annikken.

– For barn kan også vere triste og ha ting dei er bekymra for. Det må det vere rom for i songane.

Det fyrste albumet til hei kalas “Hvorfor er jeg allergisk?” kom ut 11. september. Foto: Jan Khür

Ny plate ute

Sjølv om dei har laga musikk saman lenge er det fyrst no hei kalas gir ut ei heil plate. Den har fått tittelen “Hvorfor er jeg allergisk?” og kan til dømes lyttast til på Spotify.

Dei har også nokre rare musikkvideoar du kan finne på youtube.com viss du søker på hei kalas. Sjå til dømes gjerne videoen til “Stygge dyr”, og finn ut korleis det går med dinosauren som må på jobb på eit kontor og får kjeft av sjefen sin.