13 fakta om verdas raskaste pattedyr

Visste du at geparden kan springe raskare enn den høgaste fartsgrensa for bil i Noreg? Det kjem godt med når han skal fange eit byttedyr til middag.

  1. Gepard er eit rovdyr som høyrer til kattefamilien. Geparden held til i Afrika, sør for Sahara, og nordaust i Iran.
  2. Ordet «gepard» kjem frå italiensk via fransk, og tyder «kattepanter». 
  3. Andre stader i verda kan dyret ha namn som engelsk «cheetah», som kjem av hindi «chita» og tyder «den flekkete».
  4. Geparden vert rekna som verdas hurtigaste landlevande pattedyr og kan oppnå ein toppfart på 110-120 km/t over ei kort strekning (250-300 m). 

    RASK: Geparden vert rekna som verdas hurtigaste landlevande pattedyr og kan oppnå ein toppfart på 110-120 km/t. Foto: Pixabay
  5. Geparden er i stand til å akselerere frå 0 til 80 km/t i løpet av tre sprang. 
  6. Han har ein lang hale som han brukar til å halde balansen og til å styre med i høg fart.
  7. Andre kattedyr kan trekkje sine klør heilt inn, men det kan ikkje geparden. Han kan berre trekkje dei halvvegs inn. 
  8. Pelsen er gulbrun med mørke prikkar som kan minne om leoparden. Av og til kan vi også sjå gepardar med eit stripe- eller marmorliknande prikkmønster, men desse er meir sjeldan. 

    IKKJE MANGE: Ifølgje IUCN er det lite truleg at det er fleire enn 10.000 dyr i verda. Foto: Pixabay
  9. Geparden lar seg temme, og historisk har den difor vore eit populært kjæledyr for rike og adelege. Ekspertar reknar med at dei fyrste gepardene blei temma for 5 000 år sidan.
  10. Ekspertar er ueinige om kor mange gepardar det finst i verda. Ifølgje IUCN er det lite truleg at det er fleire enn 10.000 dyr.
  11. Geparden trivst best der det er open savanne, høgt grad og krattskog. Men han kan også trivast i fjellområde, ørken eller jordbruksland. 

    JAKT: Gepardar et helst gasellar, men også til dømes gnukalvar, steinbukkar, fuglar, vortesvin og harar. Foto: Pixabay
  12. Geparden er mest aktiv på dagtid. Då har den størst sjanse til å unngå konflikt med hyener og løver. Hyener og løver vil nemleg jakte på den same maten som geparden, men dei er mest aktive på kveldstid.
  13. Gepardar et berre kjøt. Dei et helst gaseller, men også til dømes gnukalvar, steinbukkar, fuglar, vortesvin og harar.

 

(Kjelde: Wikipedia, Store Norske Leksikon)