Hundar i USA, kattar i Europa

I 2017 budde det nesten 90 millionar hundar i USA.

Det vil seie at annakvar husstand i USA har ein hund, ifølgje tal frå Statista. Her i Europa er det derimot kattar som er det vanlegaste kjæledyret – det finst over 140 millionar. Men dei siste åra har hundar blitt stadig meir populære også her.

LES MEIR: Får USA ein ny førstehund i november?

Hunden var mennesket sitt fyrste husdyr. Sidan dei fyrste blei temma for 50 000 år sidan har hundar utvikla seg til å kunne kommunisere med menneske på ein måte som ingen andre dyreartar kan, ifølgje Store Norske Leksikon.