Ikkje noko tull på hamburger-universitetet

Veit du kva du skal bli når du blir stor? Kva med å gå på McDonalds sitt hamburger-universitet?

Nei, det er ikkje eit tullenamn frå Donald Duck – hamburger-universitetet til McDonalds finst på ekte, og er attpåtil svært vanskeleg å kome inn på. Mindre enn éin prosent av dei som søker får lov til å gå der, ifølgje den britiske avisa The Mirror.

Berre falske burgerar

Hamburger-universitetet blei grunnlagt i Illinois i USA for 59 år sidan, og meir enn 275 000 menneske har utdanna seg der. Men ingen av dei har lært å steike hamburgerar. Faktisk er all “maten” dei brukar i undervisninga laga av plastikk.

Det ein lærer på universitetet er derimot korleis å vere sjef for ein McDonalds-restaurant. Elevane lærer om korleis ein sikrar at maten har god kvalitet, at dei som arbeider i restauranten er hyggelige og at det er reint og hygienisk der.

Hamburgerologi

McDonalds-restauranten i Arendal. Foto: KEN, CC.BY 3.0

Sidan oppstarten har det kome fleire Hamburger-universitet, i byar over heile verda, som Shanghai, Tokyo, Moskva og London. Når elevane er ferdige på skulen får dei ein grad i “hamburgerologi” – og mest sannsynleg også ei innbringande karriere som sjefar i McDonalds-restaurantar.

McDonalds er ei av verdas største restaurantkjeder. Dei har restaurantar i 119 forskjellige land, og kvar dag et 58 millionar menneske mat frå McDonalds.

I Noreg har “Maccern” 71 restaurantar. Den fyrste av dei opna i Oslo i 1983.

Visste du at? Ordet hamburger kjem frå Tysklands nest største by, Hamburg. Vi veit ikkje sikkert kven som fyrst serverte ein hamburger slik vi et dei i dag, men det skjedde sannsynlegvis i USA på slutten av 1800-talet. Framleis blir hamburgeren rekna som ein nasjonalrett i USA.