Lærer kampsport i krigsherja land

Å lære å forsvare seg sjølv er ein god idé for afghanske jenter.

Afghanistan er eit land med svært vakkert landskap og ein rik kultur, som har vore herja av krig i mange tiår. Dessverre har landet også problemer med dårlege haldningar mot jenter og kvinner, og mange av dei har stor sjanse for å bli utsette for vald i løpet av livet.

Etter at den japanske kampsporten jiujitsu vart introdusert i landet i 2005 har den blitt svært populær blant både gutar og jenter. Særleg for jentene kan det vere ein god idé å lære å forsvare seg sjølve. Gjennom kampsporten lærer ein nemleg å nytte vekta og storleiken til motstanden som eit våpen mot dei.

Tidlegare i år skreiv USA under ein fredsavtale med den islamistiske grupperinga Taliban, som dei har vore i krig med i fleire tiår. Taliban, som har eit svært strengt syn på kva kvinner og jenter får lov til og ikkje, skal også i forhandling med den afghanske regjeringa i Kabul. Dette gjer mange jenter i Afghanistan bekymra for at dei kjem til å miste mykje av fridomen dei har no.