Populært å overnatte ute i sommar

Éin av tre sov i telt, hengekøye eller under open himmel i sommar, ifølgje ei ny undersøking.

34 prosent av dei spurde i undersøkinga svara at dei overnatta ute i sommar. Det svarer til nær 1,5 millionar menneske, ifølgje organisasjonen Norsk Friluftsliv.

Friluftsliv i vinden

– Natur og friluftsliv er i vinden som aldri før. Dette er ikkje den første undersøkinga som tyder på at vi nordmenn rett og slett har fått skikkeleg frilufts-dilla, seier generalsekretær Lasse Heimdal i Norsk Friluftsliv i ei pressemelding.

Undersøkinga frå Ipsos består av 1008 intervju med personar frå 15 år og oppover. Så barn som har overnatta ute, er ikkje medrekna.

Det var NPK-NTB som fyrst omtala saka.