Difor kviler vi ved bålet

Kvifor likar vi framleis å sitje framføre levande flammar i dagens moderne samfunn?

Å lage eld er ei oppdaging som endra historia vår fullstendig. Då menneska fekk til å fyre opp eld, fekk dei varma seg og steikt mat. Dei fekk også lys i holene dei budde i. Dei lærte seg å smi våpen med sterk varme, og elden jaga bort rovdyr som låg på lur i mørke, skriv Ung.Forskning.no.

Men også moderne menneske likar bål og levande flammar i peisen. Kvifor gjer vi det i dag, når vi har både elektrisitet til både lys og varme?

Sus Corazon er forskar ved Københavns Universitet. Ho har forska på korleis naturen verkar inn på menneske som er stressa eller deprimert.

Ho forklarar at vi har to måtar å vera merksame på. Den eine måten er målretta. Det tyder av vi konsentrerer oss om det vi les eller jobbar med.

Den andre typen merksemd har ikkje eit bestemt mål. Corazon kallar det den oppslukte merksemda.

Då flyt tankane som skyer på himmelen, seier Corazon.

Hjernen kviler

Ho meiner det er bra for oss menneske at tankane flyt slik. Denne typen merksemd gir hjernen ein pause.

Eit bål har mange små ting som gjer at du kan gli inn i den oppslukte merksemda.

– Du kan sjå på glør blusse, du kjenner varme frå bålet, du høyrer knitring og kan lukte røyken. Det stimulerer sansane, seier Corazon.

Folk slappar betre av framføre eit bål enn elles.