Skrivekonkurranse: Skriv om sommaren!

Ver med på skrivekonkurransen og vinn fine premiar!

Sommarferien i år har vore ein annleis sommar for mange. Sydenferie har vore byta ut med Noregsferie – og fleire har fått sjå stader dei ikkje har fått sjå før.

Framtida Junior lyser ut ein skrivekonkurranse for alle barn under 14 år: Skriv om sommaren!

Vel éi av oppgåvene:

1. Skriv om sommaren i år! Kva er det finaste og kjekkaste du har opplevd? Har du tips til kor andre bør reisa til i Noreg? Kvifor bør andre barn reisa hit?

2. Korleis har sommaren vore annleis i år? Er det noko som har vore bra med denne sommaren, samanlikna med andre sommarferiar? Skriv om kva positivt me kan ta med oss frå koronatida.

3. Kva er det som er bra med sommaren? Skriv om kvifor du er glad i sommaren!

Det er lov å senda ved foto til oss viss det er greitt for foreldra dine.

Format: Word-fil

Lengde: Maks 350 ord, men gjerne kortare!

Premie: 1. plass: Abonnement på papiravisa vår Framtida Junior

Me trekkjer ut 10 vinnarar som får ei Framtida Junior-t-skjorte.

Aldersgrense: Ope for alle under 14 år

Innleveringsfrist: 12. september

Målform: Nynorsk

Send inn til framtidajunior(a)gmail.com

OBS: Hugs å merka teksten med <NAMN>, <ALDER>, <SKULE> og <TELEFONNUMMER>.