Du kan bli kvitt matteskrekk

Visste du at forskarar kan sjå matteangst på bilete av hjernen? No har dei også funne ut at skrekken kan kurerast.

Matematikk er spennande, meiner nokon. Andre får hjartebank og svette hender berre ved tanken på å løyse eit mattestykke. Kvifor er det slik?

Ifølgje Ung.Forskning.no er det ingen forskarar som veit kvifor nokon får matteangst. Men, forskning viser at det er veldig vanleg å ha matteangst, og at dei som vert redde av matte ikkje lyg om korleis dei har det. Fleire studiar har faktisk vist at det er mogleg å sjå matteangst i hjernen.

Bilete av matteskrekk

For nokre år sidan gjorde forskaren Vinod Menon ein studie av 46 barn. Ein del av barna hadde matteangst, medan andre ikkje var redde. Alle ungane løyste ulike matteoppgåver medan dei låg i ein hjerneskannar. Bileta av hjernen viste at dei med matteangst regagerte på ein spesiell måte. Den delen av hjernen som styrer frykt vart plutseleg veldig aktiv.

Heldigvis er det mogleg å kvitte seg med angst.

Løysinga er å gjere det stikk motsette av det du har lyst til. Nemleg det du er redd for! Forskarar har lenge visst at du kan kvitte deg med mange typar angst ved å møte det du er redd for. Slik kan du venne deg av med angsten.

Men det er viktig å gjere det på rett måte. Alt må skje sakte, men sikkert – og i trygge og vennlege omgjevnadar.