Kvifor har vi hår på kroppen?

Nokon har mykje, medan andre har lite. Treng vi eigentleg hår på kroppen?

FAKTA: Kroppshår
  • Kroppen vår har like mange hårsekkar som ei ape i menneskestorleik. Håra blir berre ikkje like tjukke hos menneske som hos aper.
  • Dei fleste av håra er tynne, bleike hår som vi knapt legg merke til. Dei blir kalla vellushår.
  • I puberteten blir ein del av vellushåra forvandla til terminalhår. Det er mørke og stive hår som held til under armane og i skrittet. Og av og til på leggar og underarmar.

(Kjelde: Ung.Forskning.no)

LES FAKTALUKK FAKTA

Vi menneske har tynne hår nesten overalt på kroppen. Når vi blir eldre blir håra under armane, på beina og i skrittet tjukkare og mørkare. Gutar får også ofte mørkt og tjukt hår på bryst og rygg, skriv Ung.Forskning.no.

Samanlikna med andre dyr har vi menneske lite hår på kroppen, og vi er dei einaste som går med klede.

Ung.Forskning.no har snakka med Tone Kristin Bergersen som er overlege og forskar ved Universitetet i Oslo. Ho seier at det ikkje finst ei spesielt god forklaring på kvifor vi har hår på kroppen. Andre dyr treng hår for å halde seg varme eller kalde, og det gjer at dei kan gøyme seg for andre dyr i naturen. Men, slik er det jo ikkje med oss menneske.

Forskarar har fleire teoriar om kvifor vi har kroppshår:

  1. Det held dyr unna. Små parasittar som veggdyr brukar til dømes lenger tid på å finne ein stad dei kan bite på ein hårete arm.
  2. Forfedrene våre syntest kroppshår var flott, og difor har det vorte vidareført gjennom evolusjon.
  3. Hår skaper mindre friksjon. Hår under armane og i skrittet hindrar gnagsår når vi til dømes spring eller går.

Ein ting er forskarar einige om: Hår under armane gjer at menneske blir meir attraktive for kjærastar. I sveitten vår finst det nemleg eit stoff som blir kalla feromonar. Viss vi har hår under armane heng stoffet i håret, og det motsatte kjønn blir meir interessert.

Det er mange vaksne som fjernar hår fordi dei likar det. Men, dei siste åra er det blitt fleire og fleire som ser annleis på det. Dei vel å la håret vekse, både under armane, på beina og i skrittet. Sjå Lydia i NRK Unormal øvst i artikkelen!