Karpe gir bort pengar til flyktningar

Karpe held løftet sitt om å «gi bort alt». No lanserer dei Patel og Abdelmaguid Foundation, som årleg skal dele ut pengar til prosjekt som ønskjer å betre situasjonen for flyktningar, asylsøkjarar og innvandrarar.

Rapduoen Chirag Rashmikant Patel og Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid fortel dette om løfta dei gav kvarandre for snart ni år sidan: «Hvis vi en eller annen gang i livet, mot alle odds, eier masterrettighetene til alle utgivelsene våre … så gir vi bort alt. Hele katalogen. Alle inntektene. For resten av livet og en god stund til. Det er arven vår.», skriv dei på Facebook-sida si.

Vil hjelpe flyktningar

– Vi er fødde i Noreg. Vi har ikkje jobba hardare, vi fortener det ikkje meir og vi har ikkje gått frå 0 til 100. Ingen av oss veit eingong kva 0 er. Foreldra våre kom hit og vi fekk ein sjanse. Å gi katalogen vår tilbake til menneske som er i same situasjon som dei var, eller med eit endå vanskelegare utgangspunkt, er full sirkel for Karpe. Så vi held løftet vårt, skriv dei.

Stiftinga skal éin gong i året dele ut pengar til både små og store prosjekt som ønskjer å betre situasjonen for flyktningar, asylsøkjarar og innvandrarar – i Noreg og resten av verda.