No har alle edderkoppane våre fått norske namn

Forskarar, edderkoppekspertar og barnebarna deira har sett seg ned for å lage norske namn på alle edderkoppar som finst i norsk natur.

Vi har rundt 630 ulike edderkoppar i Noreg.

– Det har vore vanskeleg å kome fram til gode namn på edderkoppane, seier edderkoppekspert Harald Løvbrekke i ein artikkel hos Artsdatabanken.

Eit godt namn skal skildre edderkoppen, kvar den bur eller korleis den ser ut. Dovregubbeedderkoppen finn du til dømes på Dovre. Brilleedderkoppen har ringst rundt augene og Stautskalleedderkoppen har eit kraftig hovud.