Maur krigar, men krigar dei som oss menneske?

SJÅ VIDEO: Maur kan angripe andre tuer og ta kvarandre til fange, fortel maurforskar Torstein Kvamme til Ung.Forskning.no.

Ein maurkrig er ikkje det same som ein menneskekrig. Men den er ikkje heilt annleis heller.

For maur handlar krig om konkurranse og kven som har rett til område, ifølgje maurforskar Torstein Kvamme ved NIBIO.

Vi menneske krigar også om slike ting. Difor er det spanande å samanlikne maur og menneske, fordi deira samfunn minner om ein mini-versjon av vårt.