Grøne bussar på frammarsj i Kina

Med statsstøtte og regulering har Kina fått hundretusenvis av elbussar på vegane, skriv Verdens beste nyheter.

Det betyr mindre luftforureining og lågare Co2-utslepp. Meir enn ein halv million elektriske bussar rullar rundt på verdens vegar. Eller, meir presist – det rullar rundt ein halv million elektriske bussar på kinesiske vegar, medan nokre få tusen av dei køyrer i andre land.

Kina sit nemlig tungt i førarsetet når det gjeld elektriske bussar. Det viser ei analyse av verdas elektriske køyretøy frå research-verksemda BloombergNEF. Auka i elbussar i Kina skjer raskt, og antalet vart meir enn femdobla mellom 2015 og 2019.

Dette er gunstig både for folkehelsa – ved mindre luftforureining i byane, og for klimaet, når det blir lågare utslepp av Co2.