Amerikanske bibliotek: – Ikkje putt bøker i mikrobølgeomnen

Bøker har eksplodert når amerikanske låntakarar har putta dei i mikrobølgjeomn for å fjerna eventuell koronasmitte.

– Biblioteka byrja å høyre om det for rundt ei veke sidan, då bøker som vart returnerte hadde brannskadar, seier direktør for Pinellas Public Library Cooperative, Cheryl Morales, til avisa Tampa Bay Times.

Ho fortel at låntakarane forklarte brannskadane på bøkene med at dei hadde putta dei i mikrobølgeomnen, noko dei håpa ville fjerna eventuell koronasmitte frå førre lesar.

Leiar i Norsk Bibliotekforening, Vidar Lund, har ikkje høyrt om liknande tilfelle i Noreg, men fortel at nokre bibliotek spritar omslaga.

Dei oppmodar alle bibliotekbrukarar til å følgje reglane biblioteka har fastsett under koronaen.

– Kommunelegen har vore involvert og gått god for ordninga lokalt. Men: ikkje gå på biblioteket om du er sjuk, hald avstand, ha reine hender! Og er du i ei av risikogruppene – ikkje oppsøk offentlege plassar meir enn naudsynt. Prøv heller ut dei digitale tenestene med både e-bøker, e-lydbøker og film rett til mobilen/nettbrettet! skriv Lund i ein e-post til Framtida.no.