Glad i naturen

Anna Nesset (12) skreiv eit bidrag som kom inn i skrivekonkurransen vi hadde saman med seksjon for bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune.

Eg er glad i naturen fordi den hjelp meg å slappe av, og ikkje tenkja på mobilen eller andre ting. Eg kan berre kobla heilt av å nyta den friske lufta.  

Eg føler meg innestengt av å være inne heile tida, men når eg først får meg ut føler eg meg betre. Frisk luft er som medisin mot hovudverk. Eg trur andre liker å være ute i naturen fordi dei føler seg betre og gladare. Når du er i naturen, er det som å reinse hjernen for alle problem. 

Av å være i naturen blir du meir bevisst på miljøproblema. Til dømes når du går på vegen eller er ute på sjøen, ser du kor mykje søppel som ligg. Du blir kanskje sur på deg sjølv og andre når du ser dette. Derfor blir du kanskje meir motivert til å plukke søppel og hjelpe miljøet. 

Grunnen til at eg liker å gå på tur i naturen så mykje er fordi eg elskar utsikter. Når eg ser ei fin utsikt får eg ei fin kjensle inne i meg. Eg likar kjensla av å ha gått ein lang tur. Kjensla av å sette seg ned etter ein lang tur, er den beste kjensla. 

Eg likar lukta av trea i skogen og saltvatnet på sjøen. Eg elskar og å hoppe ut i sjøen. Når eg er på ei brygge på sommaren, må eg nesten alltid hoppe uti det kalde vatnet. Den kjensla er og ein av dei beste. 

Å være i naturen gjer at eg blir meir takknemleg for at eg bur på landet. I byar og slikt er det kanskje vanskeleg å finne ein plass å gå på tur. På Bømlo er det mykje plass. Eg kan ofte gå på lange turar i helga, utan å møte på nokon. 

Eg ser ofte dyr og insekt når eg er ute i naturen. Desse ser eg mest av: Larver, edderkoppar, ekorn, fuglar, hundar, maur og sniglar.  

Det er veldig gøy å sjå eit ekorn springe over vegen, eller ein larve på ein stein.