I år er det vepseår

Du høyrer vepsen som summar. Du slår kanskje rundt deg med armane, eller kanskje du står heilt stille? Sommaren er vepsetid - og i år kan det bli ekstra mange veps.

Bier og humler er utrydningstruga, men vepsen er ikkje like utsett, forklarar fyrsteamanuensis Frode Ødegård ved NTNU til NRK.

– Veps er kanskje ikkje så kresne til bolplassen som bier er. I tillegg er det maten. Bier er ofte spesialisert til å hente pollen frå ein bestemt planteart, seier han.

Veps er eigentleg eit rovdyr som hentar fluger og andre insekt han vil fore larvane sine med, ifølgje Ødegård.

Annakvart år

Grunnen til at vi får vepseår annakvart år veit vi ikkje sikkert. Men mange trur at det er fordi det er få dronningar og mindre konkurranse om bolplassane. Då får dei dronningane som lagar bol ekstra store bol – og mange vepsebarn.

Vepseåra kjem når det er partallsår. Når det ikkje er vepseår er det mange dronningar og stor konkurranse om bolplassane.

– Dei sloss med kvarandre, klarar ikkje å vera så gode mødre, og bola blir ikkje så gode. Då ser vi at mange bol går til grunne seier Frode til NRK.

Video: YouTube / perskram