Lågaste utslepp i Noreg på 27 år

Nye og korrigerte tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at utsleppa i Noreg gjekk ned med 3,4 prosent i 2019.

Utsleppa i 2019 var på dermed på 50,3 millionar tonn. Dette er dei lågaste utsleppa Noreg har hatt sidan 1993.

– Utsleppa i Noreg har no gått ned fire år på rad. Dette er svært oppmuntrande tal og viser at klimapolitikken til regjeringa verkar. Me har sett oss ambisiøse mål, og dei skal me arbeida hardt for å nå, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) i ei pressemelding.