Høyr norske kjendisar lese bøker

Dei siste vekene har det dukka opp ei rekkje kjende fjes på Redd Barna sin instagramprofil. Kjendisar som Brillebjørn, Atle Antonsen og Sigrid Bonde Tusvik har alle bidrege i lesedugnaden.

Er du glad i spanande, morosame, tullete og tøysete bøker? No kan du sjå og høyre Atle Antonsen lese boka «123 for norske barn», Brillebjørn som les eventyret «Hvorfor bjørnen er stubbrumpet» og Sigrid Bonde Tusvik som les boka «Rumpemelk fra Afrika».

Eit frirom

Gjennom #ReddMedHistorier ynskjer Redd Barna å gi litt glede, inspirasjon og frirom til barn og foreldre i Noreg som no opplev at livet er meir avgrensa enn før.

Sjefen i Redd Barna, Birgitte Lange, er utruleg takksam for alle dei kjente og kjære personane som har takka ja til å lese bøker for barn, og dermed bidrege i ein nasjonal lesedugnad.

– Dette er stor stas! Målet med denne kampanjen er å sette fokus på utfordringane barn møter under koronapandemien. Blant anna er 7 av 10 barn på verdsbasis framleis ute av skulen. I tillegg håpar vi sjølvsagt at historiene er til glede og underhaldning for barn og foreldre her i Noreg, seier Birgitte Lange.

Desse har bidratt i Noreg:

  • Kåre Conradi
  • Mia Gundersen
  • Knut Arild Hareide
  • Brillebjørn
  • Joachim Haraldsen aka Noobwork
  • Marianne Theodorsen
  • Henriette Steenstrup
  • Kim Haugen 
  • Lillebjørn Nilsen 
  • Pernille Sørensen
  • Atle Antonsen
  • Sigrid Bonde Tusvik