Årets 17. mai-tale

Vi har valgt ut Ragnhild Tonning sin tekst som årets 17. mai-tale i Framtida junior. Ragnhild var ein av rundt 100 personar som sendte inn bidrag til skrivekonkurransen vi hadde.

Er eigentleg heile 17. mai avlyst?

Korona ditt, korona datt. Du er sikkert temmeleg lei av å høyre namnet på viruset som er grunnen til at vi må gjere alt annleis enn vi plar. Det er den same regla som gjentek seg: Vask henda, hold avstand til andre, ikkje vær store grupper samla. Vi får ikkje gå på trening, eller overnatte hos vener. Og no skal viruset øydeleggje 17. mai-feiringa og? For kva er vel nasjonaldagen utan store barnetog, potetløp og veivande flagg? Kva gjer vi når smittefaren forbyr oss å gå ut og syngje «Ja, vi elskar» av full hals saman med klassen og venene våre?

Så vil eg at du skal stille deg sjølv spørsmålet: Kva er det eigentleg som er avlyst? For dei fleste er det nok is, barnetog og moro som er definisjonen på 17.mai. Men dagen har ei heilt spesiell betyding og. Ta med deg flagget ditt ut i hagen, og tenk på då det var tyske soldatar som marsjerte på Karl Johan, og ikkje sprudlande 17-maitog.Vi må prøve å hugse på det sterke demokratiet vi er så heldige å ha, og freden som forfedrane våre har kjempa og risikert livet for å oppnå.

Mens vi går på rekkje og rad, syng og heisar flagget, står mange andre barn i endeløse køar for å få tak i livsviktige medisniar og vatn. Kanskje er det ikkje så viktig at vi ikkje får tatt feiringa heilt ut i år, men at vi heller ofrar ein tanke til alle dei sveltande og lidande barna som med glede hadde vilja utsletta nasjonaldagen sin for å ha det så bra som vi har det.

Og selv om vi bur i eit fantastisk land, er det ikkje alle som har det så supert som dei fleste nordmenn. Vi må prøve å gjøre nasjonaldagen til ein så lykkeleg dag som mogeleg. For alle.