Ja, vi elsker – nasjonalsongen vår

«Ja, vi elsker dette landet» er Noregs nasjonalsong. Det blei vedtatt 11. desember i fjor, 2019, av eit einstemmig fleirtal i Stortingets.

Teksten er skriven av Bjørnstjerne Bjørnson og tonesatt av Rikard Nordraak.

Songen stod på trykk for fyrste gong i Aftenbladet i 1859, men kom i sin endelege form i 1869.

Ja, vi elsker dette landet har åtte vers, men vi syng som regel tre vers. Det første og dei to siste versa. (Teksten lengre nede i saka).

Bjørnstjerne Bjørnson (1832-1910)

var ein av Noregs og Europas viktigaste forfattarar i andre halvdel av 1800-talet. Han skreiv romanar, noveller, teaterstykker og lyrikk. Han fekk Nobelprisen i litteratur i 1903. 

Han er ein av Dei fire store, som er eit uttrykk for fire forfattarar beståande av Alexander Kielland, Jonas Lie,  Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson.

 

Rikard Nordraak (1842-1866)

var ein norsk komponist og fetter av Bjørnstjerne Bjørnson.

Original manus

Rikars Nordraak sitt originale, reinskrive manuskript av Ja, vi elsker (Fædrelandssongen)

Ja, vi elsker dette landet

1

Ja, vi elsker dette landet

som det stiger frem

furet, værbitt over vannet

med de tusen hjem.

Elsker, elsker det og tenker

på vår far og mor

og den saganatt som senker

drømme på vår jord.

7

Norske mann i hus og hytte,

takk din store Gud!

Landet ville han beskytte,

skjønt det mørkt så ud.

Alt hvad fedrene har kjempet,

mødrene har grett,

har den Herre stille lempet

så vi vant vår rett.

8

Ja, vi elsker dette landet

som det stiger frem

furet, værbitt over vannet

med de tusen hjem.

Og som fedres kamp har hevet

det av nød til seir,

også vi, når det blir krevet,

for dets fred slår leir.

 

Kva betyr orda?

«furet, værbitt»

Om du ser Noreg frå lufta kan du sjå landet som stig opp frå havet, med alle sine skrukkete fjordar og høge fjell («furet»). Noreg ligg langt mot nord, der véret har slite og pussa landskapet vårt («værbitt»).

«saganatt»

Det er eit ord som berre finst i denne songen. Det handler ikkje om ei bestemt natt, men om ein draum om soga då landet blei til.