Kvifor er det så få farlege dyr i Noreg?

I Afrika og i Australia finst det mange dyr som er farlege for menneske. I Noreg kan vi gå trygt i skog og fjell. Kvifor er det slik?

– Det kan vera fordi vi har hatt istid, seier forskaren Peter Funch til videnskab.dk. Forskaren meiner at mange av dyra i sør ikkje klarte å tilpasse seg eit kaldare klima etter istida.

Etter istida kom fyrst fuglene tilbake. Dei kan bevege seg raskt over lang avstand. Så kom smågnagarar, som mus og lemen. Litt seinare kom dei store planteetarane, som reinsdyra. Til slutt kom dei store rovdyra, som ulv og bjørn. Dei måtte tilpasse seg til kulde, mørke og snø, skriv Ung.Forskning.