Mannen bak speidaren: Lord Baden Powell

Denne teksten fekk Framtida junior i samband med ei skrivekonkurranse om biografiar. Her har Einar skrive ein tekst om mannen som grunnla speidaren.

Lord Robert Baden-Powell i 1937.(AP Photo)

Lord Baden Powell er han som grunnla speidaren. Lord Baden Powell var fødd 22. Februar 1857 i London. Han heitte ikkje Lord Baden Powell, men han heitte Robert Stephensen Smyth Baden-Powell. Men i denne teksten så kjem eg til å seie at han heit Lord Baden Powell.

Barndom

Når han var 3 tre år så døde faren,professor Baden Powell, og han vart 64 år.
Når han var 11 så skifta han til ein annan skule som var superfin og ordentleg. Og fordi han gjekk på ein annan skule så måtte dei flytte. Og det var ein stor skog der dei flytta til. Men i den skogen fekk ingen elevar lov til å gå inn i. Men han gjorde det fordi han ikkje likte skulen. Og når han var der så gjekk han og fanga kaninar og grilla dei på spyd.

Militæret

Etter kvart så byrja han i militæret der han tidleg vart kaptein (26 år) fordi at han kunne finne ting kjapt eller komme seg til leiren til fienden utan å bli merka. Og han kunne finne snarvegar i dårleg terreng. Etter kvart så vart han flytta frå India og til Afrika og England. Fordi han var så dyktig så fekk han eit rykte som ein flink militær leiar.

Spreidaren

Lord Baden Powell hadde mange hobbyar sånn som teikning og modellering. Og han var veldig interessert i oppseding. Så i 1907 så starta han ein organisasjon der unge gutar skulle lære seg noko nytt.

Den same sommaren så hadde han sin første speiderleir der han fortalde om opplevingane sine i framande land.

Først ville han at det var dei britiske gutane som var med i speideren. Men så sprede det seg til Irland, Canada, Australia, New Zealand, Zimbabwe, Sør Afrika, India, Chile, Danmark, USA, rusland, Brasil, Frankrike, Finland, Tyskland, Hellas, Holland, Noreg, Belgia, Estland, Sverige, Malaysia og Singapore.

Slutten

Lord Baden Powell budde dei siste åra sine i Kenya. Der skreiv han tre bøker. To av dei var om dyr og korleis han teikna dei. Men sjølv om han skreiv tre bøker så var tankane alltid hos speidarne.

Lord Baden Powell døydde i 1941. Men sjølv etter at han døydde så slutta ikkje speidaren. Han gjekk vidare til det han er i dag. Så han starta noko som har gått i hundre år og i dag finst det 50 milionar speidarar.