Er du for gamal til å vite kva ein kohort er?

No når 1.- 4. trinn har starta på skulen har dei lært eit nytt ord. No er elevane ikkje lenger i ei klasse. No er dei samla i mindre kohort-grupper.

Det er Utdanningsdirektoratet som har gitt dei nye gruppene dette namnet.

Kohort er rett og slett ei fast gruppe med elevar og ansatte.

Ei kohort-gruppe skal vere eit godt utgangspunkt begrense smitte, og eventuelt spore smitte.

Kohort er eigentleg eit latinsk ord. Og blei brukt i det militære. Ein romersk kohort bestod av 480 soldatar – som er litt meir enn korona-kohortana på maks 15-20 elevar som Utdaningsdirektorartet har lagt som regel.