Barn lærer betre i naturens klasserom

Elevar som får naturen som klasserom blir meir konsentrert, motivert og hugser betre, viser svensk forskning. Norsk professor meiner uteskule får barn til å sjå samanhengar på ein betre måte.

– Naturen er eit utmerka klasserom! Viss ein flyttar ein del av undervisninga ut, vil det auke elevar sine skuleprestasjonar. Kontakt med naturen er bra for elevane si helse og velvære, uttaler Petter Åkerblom i ei pressemelding frå SLU.

1.-4.trinn er tilbake på skulen etter sju veker heimeundervisning. Mange norske skular satsar no på meir undervisning ute i naturen.

Forskning.no har snakka med Janne Madsen som er professor i pedagogikk ved Universitetet i Sørøst-Norge. Ho meiner at det er ein fordel med meir undervisning ute.

– Det beste er når læring heng saman med noko sosialt. Eg trur ikkje vi lærer best ved å sitje ein og ein på kvar vår stol, seier ho.

Vi lærer best ved å delta i samtalar og i diskusjon, ifølgje Madsen.

Kan undervise i alle fag ute

Ho meiner alle fag kan undervisast ute, og at det er mogleg for både skular i byar og på bygda.

– Det held å bruke parken eller skulegarden – og byane har også tilgang til museum, seier ho.

Kjelde: Artikkel produsert av SLU (Sveriges landbruksuniversitet) / publisert på forskning.se