Rolege strender og gater lokkar fram ville dyr 

Mindre menneskeleg aktivitet gjer at ville dyr finn vegen til gater og strender der det elles er folk.

I ulike delar av verda har dyr som puma, ulv og villsvin vorte observerte i gatene. Dei finn vegen inn der menneska bur no når folk flest held seg inne grunna koronaviruset.

På strendene i Thailand har fleire truga havskjelpadder kome for å leggja egg, skriv NRK.