Samfunnskunnskap, etter 7. trinn
Mål for opplæringen er at eleven skal kunne drøfte spørsmål omkring og konsekvensar av bruk og misbruk av tobakk og ulike rusmiddel
- Les artikkelen Kva er eigentleg rus?
Arbeid med desse spørsmåla
- Skriv nokre døme på lovlege rusmiddel
- Kom med nokre døme på ulovleg rusmiddel
- Kva er forskjellen på ein som brukar rusmiddel og ein som misbrukar rusmiddel?
- Kvifor trur du det er 18 års aldersgrense på snus, tobak, vin, øl?
- Kva meiner vi med at rus gir kortvarig lykke?
- Når vi seier at rusmiddel er dyrt for samfunnet. Kva meiner vi eigentleg med det?
- Skriv om ein gong du opplevde å få eit slags kick. Der adrenalinet gav deg ein slags rus. (Det kan vere når du vart redd, stod på ei scene, spelte ein viktig fotballkamp, vann ein konkurranse…)