Mange kjenner på einsemd i koronakrisa

37 prosent kjenner seg einsame under koronakrisa, ifølgje ei ny undersøking Norstat har utført for ABC Nyheter.

Fleire yngre enn eldre har også svara at dei er meir einsame no.

Her kan du ringe/chatte om du treng nokon å snakke med:

  • Ring til alarmtelefonen for barn 116 111. Der kan du vera anonym og spørje om det du lurar på. Det er gratis og telefonen er døgnopen grunna korona-viruset.
  • Sei ifrå til ein du stolar på og be om hjelp. Det kan vera ein i familien din eller ein annan vaksen.
  • På Kors på halsen kan du prate med eller skrive til vaksne som er frivillige i Røde Kors. Dei høyrer på det du har å seie og hjelper deg om du vil. Det er heilt anonymt og heilt gratis. Telefonnummeret deira er 800 333 21. Du kan også chatte og sende mail anonymt på nettsida deira korspåhalsen.no.
  • SnakkOmPsyken.no er ei chat-teneste for barn og unge frå 9-19 år. Her kan du snakke med ein trygg vaksen om korleis du har det, om du synest at noko er utfordrande og vanskeleg, eller treng nokon å prate med.