Avlyser barnetog 17. mai i dei største byane

Dei største byane seier no at dei vel å avlyse barnetoga 17. mai grunna koronaviruset. No ventar alle landets kommunar på at kulturminister Abid Raja skal uttale seg om korleis 17. mai skal feirast.

17. mai-komitéane i Oslo, Stavanger, Drammen og Bergen har bestemt at barnetoga skal avlysast.

– Det sit langt inne å ikkje ha eit barnetog i Oslo. Det har historiske dimensjonar. Det har vore ei vanskeleg avgjerd, samstundes ei rett avgjerd. Helsa kjem fyrst, seier leiar for 17. mai-komitéen i Oslo Pia Farstad Von Hall (H) til NRK.

Det fyrste barnetoget gjekk 17. mai 1870, etter ein idé frå skulestyrar Peter Qvam. Det var eit reint gutetog som talte kring 1 200 barn. Toget gjekk til slottet i Oslo. No blir ofte dagen kalla «barnas dag».

Kongefamilien på slottsbalkongen

Kongen og resten av kongefamilien vinkar alltid til barnetoget frå slottsbalkongen på 17. mai. Det har dei gjort i over 100 år.

Fleire mindre kommunar har også avlyst tog og tradisjonsrike 17. mai-samlingar. Regjeringen har sagt at det er forbode å arrangere kultur- og idrettsarrangement frem til 15. juni. Det gjer at mange er usikre på korleis vi skal feire 17. mai i år.